Countryfest med Gardsbruk på Torsvikhuset

page view image
Arrangementsdato

lørdag 21 okt 2023 22:00

Slutter søndag 22 okt 2023 02:00
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Normal pris billett til Coutryfest med Gardsbruk
event image

Arrangementsinformasjon


GardsBruk er eit band som beveger seg med ein fot i kvar av sjangrane Country og Rock. Bandet blei starta i 2015, og spelte sine første live jobbar i 2016. Musikarane i bandet er av det rutinerte slaget med lang fartstid frå ei rekke andre band og scener. Musikalsk har bandet etablert sitt heilt eige uttrykk og univers.Heftige rytmar, underholdande tekster og spissfindige gitar element, gjer at kvar song desse karane tar i får den svert lett gjenkjennelege GardsBruk signaturen.Med to plateutgjevingar og millionar av streams og nedlastingar, er bandet i 2022 godt i gang med å utforme materiale til si tredje plate. GardsBruk går i den forbinding også i frå å stå fritt på eigen label, til å verte ein del av plateselskapet Tylden.


Allereie dei første åra var GardsBruk å sjå på dei største festivalane i landet og har spelt for, og gleda tusenvis av festglade folk på sin vei. Ein konsert med GardsBruk er noko ein seint gløymer. Her går
det i eit forrykande tempo frå start til slutt. Vokalist og frontmann Knut`n har eit smil og ei formidling som smittar over på sjølv den mest motstridande surpeis i lokalet. På kvar side har han to villmenn på diverse strengeinstrument som står på tå og speler i rein iver. Bak desse finn me ein tangent og tryneørgelmester som tryllar ut dei flottaste tonar, eit knalltett komp med tildelst tunge bass og
trommerytmar, til saman utgjer dette lyden av GardsBruk.

GardsBruk er å sjå på ei rekkje scener også i 2023 men har kun denne eine på våre kNTr denne hausten, så her er det berre til spenne på sikkerheits selen og gjere seg klar til å verte GardsBrukifisert.

GardsBruk er:

Knut Joachim Pedersen, Vokal & Kassegitar

Kåre Glesnes, Gitarar, banjo

Tor-Erik Rong, Gitarar, mandolin og kor

Kjetil Lynglund, Piano, orgel og munnspel

Jørn Austbø, Bass og kor

Morten Bergstrøm, Tromme 

Se mindre

Restriksjoner

20 års alders grense.

Tags

country
#bygdafest
#dans
#sosialt
#rock
#strilafest
#torsvik
#øygarden
#gardsbruk
Organizer
Torsvikhuset